Tenester

Ingvild Hovden - Prosjektleiing, rådgjeving og marknadsføring

Tel: 959 79 856

post@hovdenkontoret.no

TENESTER

PROSJEKTLEIING

 

Eg har utdanning innan prosjektleiing frå BI, og erfaring med mange ulike typar prosjekt. Eg kan stå for alt frå planlegging og organisering til marknadsføring, gjennomføring og økonomiansvar.

 

Ein del ulike prosjekt eg har hatt ansvar for er lista opp under "referansar".

 

MARKNADSFØRING

 

Eg utfører marknadsføringsoppgåver for fleire av kundane mine. Eg kan mellom anna:

 

  • Lage enkle nettsider (som denne)
  • Oppdatere eksisterande nettsider
  • Levere tekst
  • Lage facebooksider for bedrifter
  • Produsere enkel film ved hjelp av actionkamera og drone
  • Organisere fotografering eller filming med profesjonell fotograf
  • Lage enkelt marknadsføringsmateriell som oppslag, flygeblad, annonser og liknande.

 

Sjå gjerne eksempel under "referansar".

BYGGJESAK / SØKNADER

 

Eg hjelper både bedrifter og private med byggjesøknader.

 

  • Komplett byggjesøknad
  • Søknad om ferdigattest
  • Søknad om ansvarsrett
  • Samsvarserklæring
  • Søknad om sentral godkjenning
  • Søknad om dispensasjon

RÅDGJEVING, STYREARBEID OG ANDRE TENESTER

 

Eg har gjennomført kursa Styrekompetanse I og Styrekompetanse II i regi av BI. Eg er i dag styreleiar for Bykle Breiband AS, Sørnorsk kompetansesenter for musikk og Rekordfestivalen. Eg har også hatt fleire andre styreverv.

 

Elles har eg erfaring med utabeiding av søknader til offentlege instansar som Innovasjon Norge, fylkeskommunar, kommunar, regionråd og næringsfond.

 

Eg har også hjelpt kundar med å lage forretningsplanar og utviklingsplanar.

 

Ta gjerne kontakt om du ønskjer fleire opplysningar.

BESØKSADRESSE:

Hovdenkontoret

Hovdetun, 2. etg

4755 Hovden

POSTADRESSE:

Hovdenkontoret

Røyrvikvegen 5

4755 Hovden

Tel: 959 79 856

post@hovdenkontoret.no

 

Org.nr: 996 354 857MVA